Lukk meny
Finn og søk barnehage Våre barnehager
Meny

Om oss

Akasia bruker informasjonskapsler for å gjøre opplevelsen på siden så god som mulig. Ved å klikke på «Aksepter», samtykker du i bruken av slike teknologier. Du finner mer informasjon på siden retningslinjer for personvern
Aksepter

Omsorg og tryggheit i barnehagen

Omsorg kjem til uttrykk i alle situasjonar og er den mest naturlege delen av kvardagen i barnehagen. Omsorg er ein føresetnad for barna sin tryggleik og trivsel, og for utvikling av empati og nestekjærleik.

 

Gjennom kos, klemmer, samtalar, lesestunder, stellesituasjonar, måltid, garderobesituasjonar og leik knyt me gode relasjonar med barna.

 

Barnehagen legg til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og dei vaksne og mellom barna. Dei vaksne arbeider for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakar av omsorg, men som også verdsett barna sine eigne omsorgshandlingar.

 

Barn i ulike aldrar har ulike behov for omsorg, og det er viktig at dei vaksne har kunnskap om omsorg og tydinga omsorg har for barnet. For å få til den nære omsorgsfulle relasjonen, deler me barna i små grupper i løpet av dagen, slik at kvart barn får ivaretatt sine behov.

Personvern